GPS/POI: 61.1679,8.4000
GPS/UTM: 145340E, 6799416N
Departure point:

Øye stavkyrkje

  • YEAR OF CONSTRUCTION: 1180
  • COUNTY: Oppland
  • MUNICIPALITY: Vang
  • DIOCESE: Hamar
  • JOINT PARISH COUNCIL: Vang kyrkjelege fellesråd
  • NUMBER OF SEATS: Ikke oppgitt
  • BUILDING CATEGORY: Fortidsminne
  • FACILITIES:
    Åpen kirke  ParkeringParkering  HC-parkering 

SERVICES TO THE PUBLIC

  • Omvisning

OPEN CHURCH

06/18/2016 - 08/21/2016
11-17 Søndag, mandag, torsdag, lørdag


22. juni - 18. august, måndag, torsdag, laurdag og søndag kl. 11.00-17.00. Kyrkja er dessverre ikkje tilgjengeleg med rullestol.

CONTACT INFORMATION

  • Guro Hovda
  • Tlf: 61369590
  • E-post: guro.hovda@vang.kommune.no

DESCRIPTION

Øye stavkyrkje er truleg bygd sist på 1100-talet som ei søylestavkyrkje med fire frittståande søyler i kyrkjerommet. Kanskje har kyrkja hatt ein takryttar?

Kyrkja stod opphavleg på eit jorde ut mot Vangsmjøsa. Der var det svært fuktig, og under vårflaumen kunne gravene bli fylte av vatn slik at ein måtte leggje steinar på kistene for å få senka dei. Det var noko makabert. Kva som hende med stavkyrkja er det ingen som veit, men det kan vera mange grunnar til at dei bygde ny kyrkje på ei turrare og meir høveleg tomt i 1747. Det vanlege når kyrkjer vart rivne, var at materialane vart auksjonerte vort planke for planke, og det meinte nok folk hadde vore tilfellet med Øye stavkyrkje og. Men så hende noko utruleg: Midt på 1930-talet måtte grunnmuren under Øye kyrkje reparerast. Då fekk murarane sjå at det låg materialar under golvet. Då desse vart henta fram viste det seg at det var 156 delar av stavkyrkja. Til og med dei lange og tunge søylene hadde øyeværingane frakta oppover bakkane og plassert under golvet. Kvifor dei gjorde det får me aldri svar på.

Materialane vart lagra i mange år til Valdresmuseet på Fagernes ytra ynskje om å få reise kyrkja på museumshaugen. Men då vakna øyeværingane! Erik og Guro Øye ga tomt på Øyebakka, pengar vart samla inn og det vart prøvereising som viste at det var mogleg å finne ut korleis kyrkja hadde sett ut. Den ”nye” Øye stavkyrkja vart vigsla av biskop Alex Johnson 1. august 1965.

Kyrkja har svalgangar og halvrund koravslutning bak altaret. Ho har ikkje benkar i skipet, berre langs veggane, og får såleis eit middelaldersk preg. Kyrkja har ei svært smal opning inn i koret, noko som heng nøye saman med den katolske kyrkja før reformasjonen.

Stavkyrkja har kopiar av to middelalderske portalar (truleg frå 1100-talet) med rik dyreornamentikk og kapitel. Originalane er lagra i Oldsaksamlinga. Ein middelaldersk dørring sit på døra. På altaret står eit krusifiks frå 1200-tallet med ein Kristus-figur frå 1300-talet. Døypefonten av tre frå 1300-talet er svært uvanleg. Ein benk i koret i stolpekonstruksjon er kanskje frå middelalderen. Runer er påvist i kyrkja, ei av dei kan vera eit Maria-monogram. Ein slitt stein utanfor kyrkja kan ha vore ein altarstein. Han har ein liten fordjuping, kanskje for ein relikvie, med eit lite spor for lukking rundt kanten. Ei innskrift i kyrkja fortel om vigsling 10. september, men årstalet er ukjend.

Øye stavkyrkje er open for omvising om sommaren.


Øye stavkyrkje located in Øye parish in Valdres rural deanery. The building material is wood and was built in 1180. The church is of rectangular plan . Kyrkja har vernestatus freda.
Architect: C. Enger og R. Hauglid (1953-65).


Middle ages

Although Christianisation had been taking place in Norway for several decades, the Mosterting assembly of about 1024 is considered to be the formal introduction of Christianity. This was when King Olav Haraldsson (later St. Olav) and Bishop Grimkjell laid down the first Christian legal directives for the entire kingdom. Among other things, it was decided that the king would provide priests, while farmers would build churches. 

The first churches, built in the 11th century, were simple post churches, with the corner posts dug into the ground. The made them susceptible to damp and rot. The stave church technique began to be used in the 12th century. Here the posts, or "staves", were set into a base construction of heavy beams resting on large stones. In this way, damp problems were avoided and many of these stave churches were able to stand for many centuries. There was a very widespread tradition in Norway of building timber churches. As many as 1,500 stave churches may have been built during the Middle Ages, but only 28 are preserved today. Haltdalen Stave Church is considered to be the prototype of the earliest type of stave church. The simple, long church design, with a nave and chancel, is the "original" design of our churches, whether in timber or stone.Elsewhere in Europe, churches were almost always built of stone. For this reason, important county churches or churches built in rich agricultural areas were also often built of stone here in Norway. Romanesque and Gothic influences can be seen in these churches. About 160 of the 270 stone churches built in Norway are still fully or partially preserved.