GPS/POI: 60.3763,6.7220
GPS/UTM: 44341E, 6722006N
Avreisested:

Kinsarvik kyrkje

  • BYGGEÅR: 1150
  • FYLKE: Hordaland
  • KOMMUNE: Ullensvang
  • BISPEDØMME: Bjørgvin
  • FELLESRÅD: Ullensvang kyrkjelege fellesråd
  • SITTEPLASSER: 250
  • BYGNINGSGRUPPE: Soknekirke
  • FASILITETER:
    Åpen kirke  ParkeringParkering 

ÅPEN KIRKE

23.05.2017 - 23.06.2017
Kl. 10.00 - 14.00. Tysdag - fredag.

26.06.2017 - 20.08.2017
Kl. 10.00 - 19.00. Alle dagar.

22.08.2017 - 15.09.2017
Kl. 10.00 - 14.00. Tysdag - fredag.


KONTAKTINFORMASJON

  • kyrkjekontoret@ullensvang.herad.no
  • E-post: kyrkjekontoret@ullensvang.herad.no

KONSERTER

Lokal annonsering.


Kinsarvik kyrkje ligg i Kinsarvik sokn i Hardanger og Voss prosti. Ho er bygd i mur og blei oppførd i 1150. Kyrkja har langplan og 250 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: Chr. Christie (1880)/Håkon Christie og Peter Helland-Hansen (1961).

Kinsarvik kyrkje er den eldste kyrkja i Hardanger. Skipet er frå andre halvdel av 1100-talet og koret frå fyrste halvdel av 1200-talet. I forbindelse med arkeologiske utgravingar i 1960-61 vart det funne restar etter stolpar frå ei stavkyrkje under kyrkjeskipet.

Det kvadratiske koret mot aust vart bygd til på første halvdel av 1200-talet. Inntil då hadde koret vore ein del av det rektangulære kyrkjerommet, avskilt frå resten av rommet med eit korskilje. Vindauge og portalar i kyrkja har seinromanske trekk frå andre halvdel av 1100-talet. Alle portalar, vindauge og andre muropningar frå middelalderen er i behald, men eit nytt vindauga på nordveggen vart montert på 1600-talet. Over portalane er det varierte rundboga profilar og klebersteinskors i relieff.

På 1960-talet vart interiøret i kyrkja endra, men nokre av middelalderelementa vart bevarte, blant anna kalkmåleri på langveggane i skipet. På nordveggen ser ein St. Mikael som veg sjeler på ei skålvekt, og på sørveggen ein heilag biskop. Det er òg måla dekor rundt vindauga. Ein romansk døypefont av kleberstein står i kyrkjeskipet på nordsida av koropningen. Preikestolen frå 1609 står på sørsida av korbogen, men var opphavleg plassert framfor korbogen.

Kjelder:
Ekroll, Øystein og Morten Stige: Kirker i Norge 1, Oslo 2000


Middelalderen

Selv om kristningen av Norge hadde pågått i mange tiår, regnes Mostertinget omkring år 1024 som den formelle innføringen. Da laget Olav (den senere «hellige») Haraldsson og biskop Grimkjell de første kristne rettsbestemmelser for hele riket. Blant annet ble det bestemt at kongen skulle skaffe prester, mens bøndene skulle bygge kirker.

De første kirkene, oppført på 1000-tallet, var enkle stolpekirker der hjørnestolpene ble gravd ned i bakken. Dette gjorde dem sårbare for fuktighet og råte. På 1100-tallet ble stavkirketeknikken tatt i bruk. Stolpene ble da montert på en bunnramme av kraftige sviller som hvilte på store steiner. På denne måten unngikk man råteproblemene, og mange av stavkirkene kunne stå i mange hundre år. Tradisjonen med å bygge trekirker var svært utbredt i Norge. Så mange som 1500 stavkirker kan ha blitt oppført under middelalderen, men bare 28 er bevart i dag. Haltdalen stavkirke blir regnet som prototypen på den tidligste stavkirken. Den enkle langkirkeformen, med skip og kor, er våre kirkers «urform», i tre så vel som i stein.

Ute i Europa ble kirker nesten alltid bygd i stein. Viktige fylkeskirker eller kirker oppført i rike jordbruksområder her i Norge ble derfor også ofte utført i stein. I disse kirkene kan man se romanske og gotiske stiltrekk. I Norge er fremdeles rundt 160 av de 270 steinkirkene som ble bygget, helt eller delvis bevart.