GPS/POI: 59.9898,6.0069
GPS/UTM: -733E, 6684410N
Avreisested:

Kvinnherad kyrkje

  • BYGGEÅR: 1255
  • FYLKE: Hordaland
  • KOMMUNE: Kvinnherad
  • BISPEDØMME: Bjørgvin
  • FELLESRÅD: Kvinnherad kyrkjelege fellesråd
  • SITTEPLASSER: 380
  • BYGNINGSGRUPPE: Soknekirke
  • FASILITETER:
    Tilgjengelig med rullestol 

KONTAKTINFORMASJON

  • Erlingur Nielsson
  • Tlf: 95 48 50 73
  • E-post: erlingur.nielsson@kvinnherad.kommune.no

EKSTERNE LENKER



Kvinnherad kyrkje ligg i Kvinnherad sokn i Sunnhordland prosti. Ho er bygd i mur og blei oppførd i 1255. Kyrkja har langplan og 380 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: Olaf Nordhagen (1913-14).

Kvinnherad kyrkje, som er ei kvitkalka murkyrkje frå omkring midten av 1200-talet, er ei av dei høgaste blant soknekyrkjene frå middelalderen. Kvinnherad kyrkje var antakelig hovudkyrkje for Sunnhordland i middelalderen, men då Rosendal i 1678 vart baroni, vart ho privatkyrkje for baronen, og vart ikkje kyrkjelydskyrkje att før i 1910.

Kyrkja, som har rektangulært skip og rett avslutta kor, er lite endra sidan middelalderen. Alle dei gotiske portalane og vindauga er bevarte, noko som er relativt sjeldan. Vindauga i skipet er enkle og spissboga, og det same er sør- og nordportalen. Vestportalen er rikare dekorert og flankert av doble småsøyler. Grindverksvindauga i koret mot syd og aust, med tredelte bogar og rosettar over, er stilmessig påverka av bergensgotikken. Gravkapellet nord for koret vart oppført for Rosenkrantzane på 1670-talet. I 1913 vart det bygd sakristi vegg i vegg med gravkammeret.

Interiøra har gjennomgått store endringar. Av middelalderens inventar er berre alteret bevart i kyrkja, samt to gotiske klokker. Preikestolen i renessansestil er frå fyrste halvdel av 1600-talet, og på 1670-talet fekk taket trekvelv med skymåling. Altertavla frå 1705 vart gjeven av Rosenkrantzane, og våpenskjoldet deira er måla under bildet av Nattverden og Krossfestinga. Bilda er ramma inn av søyler og har vangar som er skore i tynt og elegant akantus bladmønster.

Kjelder:
Ekroll, Øystein og Morten Stige: Kirker i Norge 1, Oslo 2000
Hoff, Anne Marta og Hans-Emil Lidén: Norges Kirker, Hordaland II, Oslo 2000

Kyrkja var ei av dei fire hovudkyrkjene (fjerdingskyrkjene) i fylket. Den eldste kyrkja kan ha vore bygd allereie på 1000-talet, litt nærare sjøen. Noverande kyrkje er truleg frå andre halvdel av 1200-talet. Kyrkja var i Rosendal baronis eige 1678-1910. Baroniet Rosenkrantz' gravkapell vart bygd på nordsida av koret i 1670-åra. Kyrkja vart restaurert 1913-14 under leiing av ark. Olaf Nordhagen. Då vart prestesakristiet bygd. Kjelde: Lidén: Kirkene i Hordaland gjennom tidene. * Langkyrkje. Bygd ca 1250 i stein og kalk, kleberstein i hjørner, gotisk/romans stil. Påbygd gravkapell for Rosendal baroni 1670. Sakristi 1913. Kyrkja har tårnfot, men ikkje tårn. Galleri. * Altertavle: Nattverden, krossfestinga, oppstoda. Måla av Hans Sager i 1705. * Preikestol: Barokk frå 1630. * Døypefont: Kopi av den gamle. Laga av Jens Mads Hjelmeland i 1976. * Orgel: El. Pneu., Jh Jørgensen 1955. * Kyrkjeklokker: 3 stk frå mellomalderen, eldste 1300. * Lysekrone: frå 1766. * Kyrkjesølv: Kalk, disk frå 1863. Brødøskje , 2 lysestakar frå 1670 åra I 1670 åra fekk kyrkja ny stjernesådd himmelkvelving. Baroniet i Rosendal, som vart oppretta i 1678, var eigar av kyrkja heilt fram til 1910. Den første baron Ludvig Rosenkranz, hans familie og seinare baronar, ligg balsamert i gravkapellet.


Middelalderen

Selv om kristningen av Norge hadde pågått i mange tiår, regnes Mostertinget omkring år 1024 som den formelle innføringen. Da laget Olav (den senere «hellige») Haraldsson og biskop Grimkjell de første kristne rettsbestemmelser for hele riket. Blant annet ble det bestemt at kongen skulle skaffe prester, mens bøndene skulle bygge kirker.

De første kirkene, oppført på 1000-tallet, var enkle stolpekirker der hjørnestolpene ble gravd ned i bakken. Dette gjorde dem sårbare for fuktighet og råte. På 1100-tallet ble stavkirketeknikken tatt i bruk. Stolpene ble da montert på en bunnramme av kraftige sviller som hvilte på store steiner. På denne måten unngikk man råteproblemene, og mange av stavkirkene kunne stå i mange hundre år. Tradisjonen med å bygge trekirker var svært utbredt i Norge. Så mange som 1500 stavkirker kan ha blitt oppført under middelalderen, men bare 28 er bevart i dag. Haltdalen stavkirke blir regnet som prototypen på den tidligste stavkirken. Den enkle langkirkeformen, med skip og kor, er våre kirkers «urform», i tre så vel som i stein.

Ute i Europa ble kirker nesten alltid bygd i stein. Viktige fylkeskirker eller kirker oppført i rike jordbruksområder her i Norge ble derfor også ofte utført i stein. I disse kirkene kan man se romanske og gotiske stiltrekk. I Norge er fremdeles rundt 160 av de 270 steinkirkene som ble bygget, helt eller delvis bevart.