GPS/POI: 60.3195,6.6532
GPS/UTM: 39769E, 6716197N
Avreisested:

Ullensvang kyrkje

  • BYGGEÅR: 1250
  • FYLKE: Hordaland
  • KOMMUNE: Ullensvang
  • BISPEDØMME: Bjørgvin
  • FELLESRÅD: Ullensvang kyrkjelege fellesråd
  • SITTEPLASSER: 350
  • BYGNINGSGRUPPE: -
  • FASILITETER:
    Åpen kirke  ParkeringParkering 

ÅPEN KIRKE

23.05.2017 - 23.06.2017
Kl. 10.00 - 14.00. Tysdag-fredag.

26.06.2017 - 20.08.2017
Kl. 10.00 - 19.00. Alle dagar.

22.08.2017 - 15.09.2017
Kl. 10.00 - 14.00. Tysdag, torsdag og fredag.


KONTAKTINFORMASJON

  • kyrkjekontoret@ullensvang.herad.no
  • E-post: kyrkjekontoret@ullensvang.herad.no

KONSERTER

Lokal annonsering.


Ullensvang kyrkje ligg i Ullensvang sokn i Hardanger og Voss prosti. Ho er bygd i mur og blei oppførd i 1250. Kyrkja har langplan og 350 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: A.Arneberg arkitekt for restaureringa i 1958..

Ullensvang kyrkje er ei langkyrkje frå middelalderen i stein med lågare, smalare og rett avslutta kor. Ho er truleg bygd kring 1250-1300, medan tårnet vart bygt til i 1883-85, då kyrkja vart restaurert ved Chr. Christie. Vestportalen i skipet vart flytt og sett inn som inngangsportal til våpenhuset i tårnfoten, og det vart bygt sakristi, kontor og trappehus på nord- og sørsida av kyrkja. Samstundes vart interiøret frå 1600-talet bytt ut med nygotisk interiør.

Dagens interiør er frå 1950, då kyrkja vart sett i stand under leiing av Arnstein Arneberg. Dekoren i himlingane er måla av Anders Ragnvald Andersen i 1958. I kortaket er dei fire evangelistane, og over skipet er det langsgåande figurfriser med blant anna Jomfru Maria, englar og dei tolv disiplane nedst på kvar side av himlinga.

Den gamle altartavla, som i dag heng i skipet, skal vere frå 1699. Biletmotiva er Nattverden og Korsfestinga, måla av Hans Sager i 1707. Glasmåleria i korets fondvegg vart sette inn i 1955 og er laga av Bernhard Greve. Hovudmotivet er Bodskapsdagen med engelen Gabriel til venstre og Maria til høgre. Over dei er det englar med røykjelseskar, og under til venstre er Kongane si tilbeding og til høgre møtet mellom Maria og Elisabeth. I firpassvindauget øvst sit den tronande Kristus.

Kjelder:
Hoff, Anne Marta: På: www.norgeskirker.no NIKU 2009


Middelalderen

Selv om kristningen av Norge hadde pågått i mange tiår, regnes Mostertinget omkring år 1024 som den formelle innføringen. Da laget Olav (den senere «hellige») Haraldsson og biskop Grimkjell de første kristne rettsbestemmelser for hele riket. Blant annet ble det bestemt at kongen skulle skaffe prester, mens bøndene skulle bygge kirker.

De første kirkene, oppført på 1000-tallet, var enkle stolpekirker der hjørnestolpene ble gravd ned i bakken. Dette gjorde dem sårbare for fuktighet og råte. På 1100-tallet ble stavkirketeknikken tatt i bruk. Stolpene ble da montert på en bunnramme av kraftige sviller som hvilte på store steiner. På denne måten unngikk man råteproblemene, og mange av stavkirkene kunne stå i mange hundre år. Tradisjonen med å bygge trekirker var svært utbredt i Norge. Så mange som 1500 stavkirker kan ha blitt oppført under middelalderen, men bare 28 er bevart i dag. Haltdalen stavkirke blir regnet som prototypen på den tidligste stavkirken. Den enkle langkirkeformen, med skip og kor, er våre kirkers «urform», i tre så vel som i stein.

Ute i Europa ble kirker nesten alltid bygd i stein. Viktige fylkeskirker eller kirker oppført i rike jordbruksområder her i Norge ble derfor også ofte utført i stein. I disse kirkene kan man se romanske og gotiske stiltrekk. I Norge er fremdeles rundt 160 av de 270 steinkirkene som ble bygget, helt eller delvis bevart.