GPS/POI: 60.9509,7.1023
GPS/UTM: 72908E, 6783109N
Avreisested:

Undredal stavkyrkje

  • BYGGEÅR: 1147
  • FYLKE: Sogn og Fjordane
  • KOMMUNE: Aurland
  • BISPEDØMME: Bjørgvin
  • FELLESRÅD: Aurland kyrkjelege fellesråd
  • SITTEPLASSER: 40
  • BYGNINGSGRUPPE: Soknekirke
  • FASILITETER:
    Åpen kirke 

KIRKENS PUBLIKUMSTILBUD

  • Omvisning

ÅPEN KIRKE

01.06.2016 - 10.08.2016
10-17


Guiding ved Undredal Guideservice ( post@undredal.no ) mot betaling kl. 10.00-17.00 i perioden 01.06.16-10.08.16. Fri tilgang for busette i Aurland kommune med gjester.

KONTAKTINFORMASJON

  • Monica Finden
  • Tlf: 95862520
  • E-post: monica.finden@aurland.kommune.no


Undredal stavkyrkje ligg i Undredal sokn i Indre Sogn prosti. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1147. Kyrkja har langplan og 40 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: ukjent.

Undredal stavkyrkje

Dateringa av Undredal stavkyrkje er usikker, men ein går ut frå at ho vart bygd etter 1150. Ho er ei lita kyrkje med rektangulært skip og kvadratisk kor. Kyrkjetårnet reiser seg over fire stolpar i vestre del av skipet. Opphavleg var dette ein frittståande støpul utanfor kyrkjerommet, men skipet vart på 1600-talet forlenga mot vest og klokketårnets underbygning integrert i rommet. Koret, som også er ei seinare tilbygging, er i same breidd som skipet, men med lågare tak. Over både kor og skip er det kvelva himling.

Dei fire stolpane i skipets yttervegger markerer den opphavlege storleiken på kyrkja, og det er denne berande konstruksjonen, med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, som viser at dette er ei stavkyrkje.

Bortsett frå ei mellomaldersk kyrkjeklokke, som heng i hjørnet bak i kyrkjerommet, er alt inventar og utsmykking frå etter reformasjonen. Den fargerike veggdekoren, med draperi og blomsterbukettar, er frå 1600-talet. I himlingen er det måla stjernehimmel og englar. Dekorasjonane vart avdekte i 1962, etter å ha vore måla over sidan 1860-åra. Preikestolen i renessansestil er frå 1696.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005


Middelalderen

Selv om kristningen av Norge hadde pågått i mange tiår, regnes Mostertinget omkring år 1024 som den formelle innføringen. Da laget Olav (den senere «hellige») Haraldsson og biskop Grimkjell de første kristne rettsbestemmelser for hele riket. Blant annet ble det bestemt at kongen skulle skaffe prester, mens bøndene skulle bygge kirker.

De første kirkene, oppført på 1000-tallet, var enkle stolpekirker der hjørnestolpene ble gravd ned i bakken. Dette gjorde dem sårbare for fuktighet og råte. På 1100-tallet ble stavkirketeknikken tatt i bruk. Stolpene ble da montert på en bunnramme av kraftige sviller som hvilte på store steiner. På denne måten unngikk man råteproblemene, og mange av stavkirkene kunne stå i mange hundre år. Tradisjonen med å bygge trekirker var svært utbredt i Norge. Så mange som 1500 stavkirker kan ha blitt oppført under middelalderen, men bare 28 er bevart i dag. Haltdalen stavkirke blir regnet som prototypen på den tidligste stavkirken. Den enkle langkirkeformen, med skip og kor, er våre kirkers «urform», i tre så vel som i stein.

Ute i Europa ble kirker nesten alltid bygd i stein. Viktige fylkeskirker eller kirker oppført i rike jordbruksområder her i Norge ble derfor også ofte utført i stein. I disse kirkene kan man se romanske og gotiske stiltrekk. I Norge er fremdeles rundt 160 av de 270 steinkirkene som ble bygget, helt eller delvis bevart.